lørdag 30. juli 2011

Gulv og dører

No er alle gulva lagt, og alle dørene er satt inn. Det er skikkeleg plukkearbeid, men i dag har me fått lagt gulvet i gangen. Syns det vart veldig fint med Alloc commercial stone, løfta rommet mange hakk frå det brune gulvbelegget. No har eg lyst på sånt gulv i vår gang og!

Svein har satt inn dør til stova, eit prosjekt me starta så vidt på i går med å få laga grunnlaget for terskelen. Eg har skrudd saman kjøkkenoverskap som skal på veggen på soverommet over senga. Trur det blir ei god løysing som utnyttar plassen og gir god skapplass.

I tillegg (og kanskje mest krevjande av det me har gjort i dag), har me målt og handla så godt som alt av listverk som skal opp i heile hybelen. Å finna fine ferdigmalte lister utan for mykje svai og hakk er ei utfordring. Men no ligg bunken med lister og dørforingar klar i carporten. Når den er oppbrukt er hybelen nesten heilt ferdig. Tviler på om det blir i morgon - og dermed på at me rekk å vera ferdige til 1. august - men det treng ikkje ta så veldig mange dagane ut i neste veke.


Røyrleggaren måtte forresten utsetta sin jobb her til mandag på grunn av sjukdom, så heilt ferdig blir det uansett ikkje til måldatoen. Men me kjem langt på veg!

fredag 29. juli 2011

Kjøkkengulv

Laminaten er endeleg på plass på kjøkkengulvet. Det var noko skikkeleg pirk! Trur det tek mykje lenger tid å legga gulv i eit lite rom med mange vinklar enn i eit kjempestort ganske firkanta rom. Kvar einaste "planke" må målast og skjærast, i tillegg til at det er trangt om plassen når det skal leggast.

torsdag 28. juli 2011


Skapdører og skuffefrontar gjer stor forskjell på opplevinga av kjøkkenet. I dag har me satt på alle skapdørene og skuffene med håndtak, og satt inn steikeomnen. Det er gøy å sjå kor mykje meir kjøkken det vert med ein gang :-)

lørdag 23. juli 2011

Varmekablar

 Frå torsdag ettermiddag og til i dag har det skjedd framskritt på gulv-fronten i stova og på soverommet. Elektrikaren var her torsdag og gjorde klart mykje av straumen. Torsdag kveld la me ut 0,2 mm plast og 6 mm depron nøye teipa etter produsenten si forklaring til korleis underlaget for Flexwatt varmekabelmatter skal vera. Fredag var elektrikaren tilbake for å og rulla ut gulvvarmen. Me trudde det var ein enkel sak, men han klarte å øydelegga ei matte - med tilhøyrande ekstratur for å hente ny, og å koble feil i forhold til produsenten sine krav. Svein oppdaga det (og sjekka med produsenten), og det gjekk ein del ekstra timar for elektrikaren for å få retta opp i feila. Trur neppe han legg eit slikt gulv igjen på gammal vane - heller enn etter bruksanvisning! Han var her vel i 9 timar, men skulle fakturere 4 av dei...

I dag har me fått hjelp frå Elin Mari og Reidun til å legga gulv både i stova og på soverommet. Det er 6 mm laminat frå IKEA i eikefarge. Me har vore ganske spente på korleis den ville vera å legga, fordi den var veldig rimeleg (35 kr/m2, gulvet me skal ha i hybelgangen frå Alloc kostar det tidoble). Viste seg å vera enklare å legga enn Alloc sitt, og det ser bra ut og virkar ok. Satsar på at det held seg godt - i så fall er det absolutt å anbefala! (IKEA gir 10 års garanti på gulvet, trur eg, så det bør jo halda nokolunde bra).


torsdag 21. juli 2011

Tapet og maling syns godt

Me har besøk av mamma og Lars, og no skjer det synlege endringar på hybelen. Før dei kom hadde me fått tapetsert alle veggane. No har mamma og eg vore i sving med pensel og rulla i fleire omgangar, og alle veggane er ferdig malt. Kjekt - og veldig synleg - å få det gjort!

Medan me har halde på med dette har Svein hatt ein ganske usynleg, men krevjande jobb. Det passe høge (190 cm) - og ganske billige - dusjkabinettet me kjøpte i fjor hos ei som importerte dei frå Kina viste seg å ha litt produksjonsfeil både her og der. Skade i emaljen har me fiksa med emaljelakk. Nokre hakk verre var det då me oppdaga at sjølve dusjkaret mangla delar av eit lag glasfiber på undersida slik at det knasa og ga etter når me stod i det! No er det fiksa med litt spjelking og ekstra lag med glasfiber frå Biltema. Ein illeluktande og kjip jobb!

Posted by Picasa

mandag 18. juli 2011

Store ambisjonar

Me har satt oss eit hårete mål no - å bli ferdige med hybelen slik at den er innflyttingsklar til 1. august... Skal nok halda hardt, men det hadde vore veldig kjekt å komma i havn før me får andre ting å tenka på i starten av august :-)

Så no jobbar me det me orkar, og har fått lokka ut både røyrleggar og elektrikar som skal komma denne veka. Me har ferie/fri begge to, så då går det an å få gjort ein del i løpet av dagen. I helga fekk me tapetsert både stova og soverommet, og gjort gangen klar til tapetsering. I dag har eg starta på malinga, og i kveld får me besøk av mamma og Lars. Då er det håp om å bli ganske raskt ferdig med to strøk i alle rom :-)

Straumopplegget er også klart til elektrikaren, alle kablane er trukke. Det var litt av ein jobb med dei som går til badet - der var knekken i veggen blitt for krapp så me måtte jobba hardt og lenge for å få trekkefjøra gjennom. Gjekk heldigvis bra til slutt!

torsdag 14. juli 2011

Kjøkkenet tek form

Eg har vore på Vestlandet på tur, men det har ikkje stått stille i kjellaren av den grunn. Kjøkkeninnredninga har funne sin plass på veggen, eg var berre med i starten og på innspurten.

 
For å få festa innredninga på murveggen måtte me sette opp "reisverk" i tre. Veggen er berre betongblokker, som er mykje luft og lite betong, så der vart løysinga gjennomgangsboltar. Ser voldsomt ut, men no heng det i alle fall godt fast.







Her er kjøkkeninnredninga på plass med benkeplate og vasken ferdig montert. Blir veldig bra :-)



 

Me legg opp til å ha ventilator med kolfilter, men med utsuging av luft gjennom luftekanalen i pipa. Det var mykje jobb å få på plass eit skikkeleg røyr inn i pipa, for der var det litt for trangt. Etter råd frå blikkenslagar går røyret i 90-graders bend opp slik at lufta ikkje blåser rett i andre sida av pipa. Håpar det fungerer slik me har tenkt.


søndag 26. juni 2011

Badet tek form

Muraren er ferdig med gulvet på badet. Det har helling etter "norsk standard", dvs at det blir dam foran sluken og vatnet renn ikkje vekk. Dei ville helst støype på eit nytt lag og prøve igjen, men på grunn av takhøgden sa me nei. Og for å sleppe lang venting, sa me ja til prisavslag heller enn at dei skulle ta opp igjen nokre av flisene og prøve å få det til å bli betre. (Dei påstod det skulle sjå like fint ut, men ut frå erfaringa hittil med deira utbetringar så trur me ikkje heilt på dei).
Me har skrubba veggane og slemma dei med kvit slemming - det vart ganske så bra. Siste veggen (mot kjøkkenet) har fått baderomspanel som ser ut som kvite fliser - så no blir det fint!




søndag 19. juni 2011

Hurra for malaren!

Forrige veke var malaren frå Malco her og sparkla og mala taka i hybelen. Det vart lyst og fint! Denne veka er det muraren som har jobba med sparkling av veggane på badet, membran og fliser på gulvet. Ikkje heilt ferdig enno, fugene kjem neste veke (trur me). Svein filosoferer innimellom over kor lite informasjon handtverkarane gir - ein må liksom masa for å få vita noko om kva dei har tenkt. Burde vore lett å senda ei melding om at "har lagt fliser, kjem tilbake for å fuge på tirsdag".

Me har pussa vindusramma og fått satt inn foringar på begge vindauga. Hadde først tenkt å bruka kryssfinér, men den var så bulkete at det var heilt urealistisk. Det var ikkje så lett å finna vindusforingar som var meir enn 30 cm djupe, men me fann til slutt på Biltema (31 cm bredde). Var mykje kvist i dei, men ellers ok.

I formiddag har eg grunna det eine vindauga før regnet kom. Det andre får me starta på i morgon.

søndag 5. juni 2011

Dugnadshelg

Me har hatt ei lang dugnadshelg med kosleg besøk av fleire gode hjelparar. Det har gitt mange synlege resultat:

Alle blomebed er luka og fine 
Jordhaugen på plenen mot naboen er jamna og, reinsa for stein og sådd til plen. Samtidig er blomebedet ved hybelen er blitt del av plenen - og blomane er flytta til andre bed
Kjøkkenhagen/haugen har fått meir synleg berg, og er klar til planting av salat og urter
 Me har fått lagt ferdig belegningsstein i heile inngangspartiet
Kanten mot hagegangen er støypt og grus på plass
Dør frå carporten til hagen er laga og montert



Det heile starta onsdag med at svigerfar tok seg av transport av grus til å legga belegningsstein på, og god hjelp til start på planering og legging av stein. I mellomtida rydda svigermor opp i overgrodde blomebed. Eg er ikkje heilt i form til å stå krumbøyd over blomane om dagen, så det var fantastisk kjekt å få hjelp til!

Onsdag kveld kom pappa, medan mamma kom torsdag ettermiddag. Dei har stått på hardt og lenge, for å hjelpa oss med å få ferdig alt det andre på lista.

Her er nokre bilete frå "før - etter" (og litt undervegs):

Rydding og oppgradering av plenen mellom oss og naboen skal mamma ha mykje av æra for. Svanhild og Torbjørn hjalp meg å flytta rosebuskane på onsdagen, medan mamma gjekk laus med krafsa og raker resten av helga. Jordhaugen var det me tok opp frå grøfta då me drenerte langs veggen i carporten, fullt av stein. Litt av ein jobb å få det klart til plenbruk, men no i kveld har me sådd og tråkka til - så no er det berre å venta på at det skal spire :-)


















Kjøkkenhagen/haugen har fått meir synleg berg, og er klar til planting av salat og urter.

Me har fått ei "gate" av berg som skille mellom kjøkkenhagen og dei enormt villige, grønne buskvekstane som heldt på å overta heile haugen.

Luking og rydding gjer at det no ser veldig fint ut i "kjøkkenhagen". Ampeljordbæra blømer allereie, og i går var me på hagesenteret og kjøpte salatplanter. Har ikkje fått dei i jorda, men no er det i alle fall plass til å planta dei!

Har også fått kryptimian og ein annan "fjellplante" som me skal ha i bergsprekkene. Det kan bli veldig fint, trur eg.

Einaste minuset med å få gjort denne jobben er at andre halvparten av haugen no ser veldig rotete ut. Ein viss fare for at me må i gang med eit nytt ryddeprosjekt der seinare i sommar...


Inngangspartiet har fått tilbake belegningsstein. Ein stor jobb sjølv om arealet ikkje er så stort (eller kanskje nettopp derfor). Me leigde steinsaks til å tilpassa steinane - det var ei god investering! Blei kjempefint med tilpassa stein rundt sluken og langs veggane der me trudde at me måtte støypa.

Avslutninga mot hagegangen er lagt i sement i seine nattestimar på fredag, og i dag la me på plass grusen. Det passa perfekt :-)

Me har også fått ny tofløya dør frå carporten til hagen, så neste vinter slepp me å få all snøen inn på vedlaget.








tirsdag 12. april 2011

 På fredag og laurdag var me aktive i kjellaren med sparkel og maling. Det gir veldig synlege resultat. No er alle veggane sparkla, og vegagane i gangen, stova og kjøkkenet har fått grunning.

No er det eit par strøk til på pipa (på kjøkkenet), vaska sparkel og mala på soverommet som står for tur. Deretter må me få opp tak på badet og får gjort ferdig veggane der (ein guffen jobb med sandblåsing). Så kan malar, fliseleggar og røyrleggar komma - og me kan gå vidare på veldig synlege ting :-)


søndag 3. april 2011

Ei veke med framskritt

 Denne veka har me vore flinke til å jobba litt nesten kvar kveld. Supplert med to solide arbeidsøkter i helga har det gitt synleg framskritt på hybelkjøkkenet :-)

Me har satt opp resten av reisverket, lagt opp straumboksane, isolert og plata veggane. Så no er det sparkel og maling neste der óg, slik som i det fleste andre romma. (Berre badet er komme mykje kortare). Det er gøy å sjå så synlege resultat av jobbinga som me gjer no - litt annleis enn mykje av det me har gjort hittil. Og rart å kjenna på at eg tenkjer at no er det nesten "berre overflatearbeid" att - det som for mange er ein kjempejobb.... Eg veit jo at det er mykje jobb og tek mykje tid, men det støvar lite og gir veldig synlege resultat.

Her kan de sjå det me har gjort denne veka. Første og andre bilde er sett frå stova inn i kjøkkenet. På bilde nummer to er det veggen mot badet som syns best. Og på det siste er det frå kjøkkenet ut mot stova. Syns det vart veldig bra med opningen mellom stova og kjøkkenet. Me hadde tenkt å laga ein "dørkarm" av hobbyplater i opninga, men det ser så fint ut slik det er no at me kanskje berre setter på hjørnelister i staden for. Er jo enklare og, det då.


torsdag 24. mars 2011

Hurra, tak!

I dag har me blitt halvferdige med taket på kjøkkenet. Eg har tenkt og Svein har løfta, så saman fekk me det bra til :-)

Oppforbi ligg det to lag med isolasjon, 20 + 5 cm. Under sementen berre 5 cm, men det er så godt me kan få det. Bør hjelpa litt når det er isolasjon mellom lydbøylane, og så to lag gips på i tillegg.
Posted by Picasa

søndag 13. mars 2011

kjøkkenvegg

Me er endeleg i gang igjen. Etter å ha grua oss ei stund for korleis me skulle få til reisverk på kjøkkenveggane, har me brukt ein del av dagen i dag på å finne ut av dette. No har me ein plan - og me har lekta klart den første veggen. Hurra!
Posted by Picasa

søndag 27. februar 2011

Stoveveggane ferdig

No er me ferdige med alle veggane i stova. Det gjer mykje på inntrykket å komma inn i eit "skikkeleg rom" heller enn ein grå kjellar som det har vore ei stund.

Neste stopp er kjøkkenet...
Posted by Picasa

søndag 20. februar 2011

Mykje gjort!

Pappa har reist heim etter ei intens arbeidsveka på besøk her hos oss. Me har fått gjort mykje med hans hjelp!

No er soverommet og gangen ferdig plata på tak og veggar. Det ser jo ikkje så vakkert ut med sponplater, men rommet er klart til overflatearbeid - og det er både gøy og synleg.
I stova har me også fått reisverk, mykje av isolasjonen er oppe (manglar 7,5 cm glava - så det blir nok ein kveld til med godstoffet) og den første veggen er plata ferdig. Hurra!

Viss me klarer å halda farten framover kan det fort bli fine rom i kjellaren :-)

lørdag 19. februar 2011

Alt er fullt av glava

Det kjennes som om eg klør over heile kroppen. Har isolert veggar store delar av dagen, og sjølv om det er hakket kjekkare enn å isolera tak - og eg har vore godt "innpakka" - så er det ikkje min favoritt. Elin Mari stilte også til ei dugnadsøkt på ettermiddagen, og fekk isolert ein heil vegg. Det kjekke med glava er at det viser godt igjen, og at det er viktig for at me skal bli ferdige.

Ellers har me fått plata resten av soverommet i dag, og byrja på gangen. Der er det mykje plukk og rare vinklar, så det er godt at pappa er her og kan hjelpa oss :-)

I kveld er Jostein på besøk, me skal spela eit nytt spel. Blir kjekt!

fredag 18. februar 2011

Lang økt


Det vart ein lang arbeidsdag i går, me avslutta med at pappa og Svein bar inn alle dei 28 sponplatene klokka kvart over to på natta. Før den tid hadde me fått laga, pusla saman og satt opp reisverket på alle veggane i stova. Festa dei berre nok til at me var sikre på at dei vart ståande då.

I dag er alt reisverket satt fast, og me har laga alle dei små spikerslaga som mangla innimellom på begge rom. Det er putlearbeid som tek mykje tid!

Svein har lagt opp røyr og boksar til straum, og me har komme godt i gang med å plata veggane på soverommet.