Det vart ein lang arbeidsdag i går, me avslutta med at pappa og Svein bar inn alle dei 28 sponplatene klokka kvart over to på natta. Før den tid hadde me fått laga, pusla saman og satt opp reisverket på alle veggane i stova. Festa dei berre nok til at me var sikre på at dei vart ståande då.
I dag er alt reisverket satt fast, og me har laga alle dei små spikerslaga som mangla innimellom på begge rom. Det er putlearbeid som tek mykje tid!
Svein har lagt opp røyr og boksar til straum, og me har komme godt i gang med å plata veggane på soverommet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar