Frå torsdag ettermiddag og til i dag har det skjedd framskritt på gulv-fronten i stova og på soverommet. Elektrikaren var her torsdag og gjorde klart mykje av straumen. Torsdag kveld la me ut 0,2 mm plast og 6 mm depron nøye teipa etter produsenten si forklaring til korleis underlaget for Flexwatt varmekabelmatter skal vera. Fredag var elektrikaren tilbake for å og rulla ut gulvvarmen. Me trudde det var ein enkel sak, men han klarte å øydelegga ei matte - med tilhøyrande ekstratur for å hente ny, og å koble feil i forhold til produsenten sine krav. Svein oppdaga det (og sjekka med produsenten), og det gjekk ein del ekstra timar for elektrikaren for å få retta opp i feila. Trur neppe han legg eit slikt gulv igjen på gammal vane - heller enn etter bruksanvisning! Han var her vel i 9 timar, men skulle fakturere 4 av dei...
I dag har me fått hjelp frå Elin Mari og Reidun til å legga gulv både i stova og på soverommet. Det er 6 mm laminat frå IKEA i eikefarge. Me har vore ganske spente på korleis den ville vera å legga, fordi den var veldig rimeleg (35 kr/m2, gulvet me skal ha i hybelgangen frå Alloc kostar det tidoble). Viste seg å vera enklare å legga enn Alloc sitt, og det ser bra ut og virkar ok. Satsar på at det held seg godt - i så fall er det absolutt å anbefala! (IKEA gir 10 års garanti på gulvet, trur eg, så det bør jo halda nokolunde bra).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar