søndag 26. juni 2011

Badet tek form

Muraren er ferdig med gulvet på badet. Det har helling etter "norsk standard", dvs at det blir dam foran sluken og vatnet renn ikkje vekk. Dei ville helst støype på eit nytt lag og prøve igjen, men på grunn av takhøgden sa me nei. Og for å sleppe lang venting, sa me ja til prisavslag heller enn at dei skulle ta opp igjen nokre av flisene og prøve å få det til å bli betre. (Dei påstod det skulle sjå like fint ut, men ut frå erfaringa hittil med deira utbetringar så trur me ikkje heilt på dei).
Me har skrubba veggane og slemma dei med kvit slemming - det vart ganske så bra. Siste veggen (mot kjøkkenet) har fått baderomspanel som ser ut som kvite fliser - så no blir det fint!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar