mandag 18. juli 2011

Store ambisjonar

Me har satt oss eit hårete mål no - å bli ferdige med hybelen slik at den er innflyttingsklar til 1. august... Skal nok halda hardt, men det hadde vore veldig kjekt å komma i havn før me får andre ting å tenka på i starten av august :-)

Så no jobbar me det me orkar, og har fått lokka ut både røyrleggar og elektrikar som skal komma denne veka. Me har ferie/fri begge to, så då går det an å få gjort ein del i løpet av dagen. I helga fekk me tapetsert både stova og soverommet, og gjort gangen klar til tapetsering. I dag har eg starta på malinga, og i kveld får me besøk av mamma og Lars. Då er det håp om å bli ganske raskt ferdig med to strøk i alle rom :-)

Straumopplegget er også klart til elektrikaren, alle kablane er trukke. Det var litt av ein jobb med dei som går til badet - der var knekken i veggen blitt for krapp så me måtte jobba hardt og lenge for å få trekkefjøra gjennom. Gjekk heldigvis bra til slutt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar