No er alle gulva lagt, og alle dørene er satt inn. Det er skikkeleg plukkearbeid, men i dag har me fått lagt gulvet i gangen. Syns det vart veldig fint med Alloc commercial stone, løfta rommet mange hakk frå det brune gulvbelegget. No har eg lyst på sånt gulv i vår gang og!
Svein har satt inn dør til stova, eit prosjekt me starta så vidt på i går med å få laga grunnlaget for terskelen. Eg har skrudd saman kjøkkenoverskap som skal på veggen på soverommet over senga. Trur det blir ei god løysing som utnyttar plassen og gir god skapplass.
I tillegg (og kanskje mest krevjande av det me har gjort i dag), har me målt og handla så godt som alt av listverk som skal opp i heile hybelen. Å finna fine ferdigmalte lister utan for mykje svai og hakk er ei utfordring. Men no ligg bunken med lister og dørforingar klar i carporten. Når den er oppbrukt er hybelen nesten heilt ferdig. Tviler på om det blir i morgon - og dermed på at me rekk å vera ferdige til 1. august - men det treng ikkje ta så veldig mange dagane ut i neste veke.
Røyrleggaren måtte forresten utsetta sin jobb her til mandag på grunn av sjukdom, så heilt ferdig blir det uansett ikkje til måldatoen. Men me kjem langt på veg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar