torsdag 14. juli 2011

Kjøkkenet tek form

Eg har vore på Vestlandet på tur, men det har ikkje stått stille i kjellaren av den grunn. Kjøkkeninnredninga har funne sin plass på veggen, eg var berre med i starten og på innspurten.

 
For å få festa innredninga på murveggen måtte me sette opp "reisverk" i tre. Veggen er berre betongblokker, som er mykje luft og lite betong, så der vart løysinga gjennomgangsboltar. Ser voldsomt ut, men no heng det i alle fall godt fast.







Her er kjøkkeninnredninga på plass med benkeplate og vasken ferdig montert. Blir veldig bra :-)



 

Me legg opp til å ha ventilator med kolfilter, men med utsuging av luft gjennom luftekanalen i pipa. Det var mykje jobb å få på plass eit skikkeleg røyr inn i pipa, for der var det litt for trangt. Etter råd frå blikkenslagar går røyret i 90-graders bend opp slik at lufta ikkje blåser rett i andre sida av pipa. Håpar det fungerer slik me har tenkt.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar