tirsdag 8. desember 2009
Me flyttar stein
I helga vart me endeleg ferdige med å komma djupt nok/flata ut dreneringsgrøfta! Har fått på plass både isolasjonsplater, dreneringsrøyr og tett røyr til overvatn - med tilhøyrande pukk og stein. Det ser ikkje ut til å minka særleg på berget av stein i hagen, men grøfta har gått frå å vera 2,40 til under ein meter djup. Å legga steinen tilbake i grøfta er heldigvis mange hakk lettare enn å løfta han opp :-)
søndag 29. november 2009
Helg
Ei spesiell helg går mot slutten. Har vore ein del vekke, på julemarked i kyrkja og på middagsbesøk hos vennar. Innimellom har me fått opp søyla på hjørnet av huset. Det vart bra, men etter at trelasten var stengt kom me på at me nok burde brukt trykkimpregnert material. Så den jobben må gjerast om att til veka.
Grøfta langs husveggen har blitt litt djupare og litt flatare i botn - og eg litt lengre i armane etter tunge bøtter med søkkvåt jord.

tirsdag 17. november 2009
Perfekt!
Har plukka av forskalinga på søyla me støypte på laurdag. Stolpeskoen står perfekt i lodd med både enden og yttersida på bjelken den skal bera, så det var kjekt! Ganske utruleg med tanke på at vinden leika med loddsnora medan me plasserte stolpeskoen...
Til forskalinga på den øverste delen (sylinderen) brukte me støyperøyr frå Biltema. Det likna på ein stor dorull-kjerne, og når eg berre fekk has på kanten gjekk den veldig lett å dra av igjen.
søndag 15. november 2009
Å flytta fjell...
Me held på med drenering langs ytterveggen i hagen. Det har til no gitt oss vollgrav langs austveggen, basseng midt på plenen og fleire "vikinggraver" i hagen. I tillegg har spregningsekspertar vore her og tatt knekken på både eple- og plommetre :-(sukk).
Heldigvis har svigerfar ein liten gravemaskin som kan ta dei tyngste løfta, han har nok flytta dei største massane. Men det er ganske mykje som må gravast og løftast for hand, eg kjenner meg til tider som ein arkeolog når eg ligg nasegrus i bunnen av ei to meter djup grøft og rotar i jord og stein med ein hagespade. Det er forresten det beste verktøyet til den jobben, store spadar gir berre frustrasjon når ein ikkje kan snu seg. Takk til Fiskaas og Biltema!
I går støypte me fundament til ny søyla på hjørnet med påbygget. Vatnet frå himmelen konkurrerte med hageslangen om å spe ut sementen, men me fekk det til på eit vis. Vår første forskaling laga me av kryssfineren frå stovetaket. Den vart ganske bra, og me trur me traff med stolpeskoen på rett stad under bjelken (sikta lenge og vel med loddsnora, det var utfordrande nok i vinden). Så no ventar me og håpar sementen herdar før snøen kjem...

søndag 8. november 2009
På an igjen
Me jobbar framleis, sjølv om bloggen blir neglisjert i lange periodar... Har akkurat blitt ferdige med maling av gangen i 1. etasje. Det vart stor forandring å gå frå mørk panel på tak og veggar til lyse fargetonar. Dei rustraude flisene og det kirsebærfarga gulvet kom til sin rett når oransje trappevangar vart lyse. Kjekt!
fredag 26. juni 2009
Stor framgang
Me har tatt kjøkkenet i bruk :-) I går laga og åt med første middag i nytt kjøkken, med svigermor på besøk. Ho var over til i dag, og har hjulpe oss med tapetsering av stova. Trur me er ferdig med 3/4 av tapetseringa, satsar på at resten kjem opp i morgon. Stovetaket er på plass, og 150 meter listverk ligg klart til å setjast opp. Me har eit mål no; å ta stova i bruk til bursdagen min på mandag. Får besøk, og då hadde det vore kjekt å ha sofaen i eit rom der me kan vera meir enn fire personar utan å sitja oppå kvarandre...
torsdag 25. juni 2009
Superstille eller superstor?
Ikkje alle oppvaskmaskinar er like store...
Vår superstille, svindyre nye oppvaskmaskin var faktisk langt over i kategorien "for stor". I følgje selgaren var maskina "super silent", men han kunne gjerne lagt til at den også er ca 5 cm høgare enn normale oppvaskmaskinar. Når kjøkkengolvet vårt i tillegg skrår litt opp inn mot veggen var gode råd dyre for å sleppa finn-annonse med "ubrukt oppvaskmaskin til salgs, me tenkte ikkje på å ta mål".
Min kjære mann fekk ein god idé: Me plukkar vekk laminaten - det gir oss 1,2 cm ekstra. Som tenkt så gjort. Oppvaskmaskina gjekk inn - halvvegs. Bom stopp. Etter ein del lirking stod maskina igjen midt på kjøkkengulvet som eit fysisk bevis på vår manglande måling og skeive golv...
Men me gir oss ikkje så lett - me har jo lånt svigerfar sin elektriske høvel. Høvelflis frå gulvsponen for veggimellom (og eg som akkurat hadde vaska ned heile kjøkket så det skulle vera klart til bruk!), og etter ein lang kamp har me no oppvaskmaskin.
Det er verdt å kjempa for :-)

lørdag 20. juni 2009
Nytt kjøkken
Me testar viljestyrke for tida. No er det både innredning, straum og vatn på kjøkkenet, men me har enno ikkje tatt det i bruk.
Har bestemt oss for å gjera ferdig alt av listing og detaljarbeid før me "flyttar inn". Det står der som ei stor freisting, men samtidig blir det desto større motivasjon for å få tatt siste innspurt på sparkel, maling, silikon og foringar. Eg lurer på kor lenge me klarer å halda oss - i dag kjem oppvaskmaskinen - og den har me lengta lenge etter!
I går kveld monterte me den nye, store steikeomnen, sparkla listene og vaska ut av alle skapa. I dag er håpet å bli ferdig med maling, silikon, feielister, lufterister (til kjøleskåp og steikeomn) og inkassing av røyr. Då er me så godt som i havn, og kan ta kjøkkenet i bruk på mandag...
Det var forresten eit kapittel for seg å komma fram til kva kjøkken me skulle ha. Timane på kjøkkenbutikkar vart lange og mange, før me til slutt fann Ädel bjørk på IKEA.
Ein lys shaker-modell som gjer seg godt saman med laminatplata i svart marmor. Og - myta om manglande delar og skruar frå IKEA er knekt, me har hatt nok av alle delar. Har faktisk ein heil pose med skruar og sånt til overs. Det burde kanskje bekymra meg - men eg satsar på at det er "reservedelar" som me ikkje skulle bruka :-) I tillegg har IKEA mange gode patentar, som hengsler du berre klikkar på plass og skuffer som knapt skulle skruast saman. Etter sytten skuffer hadde eg rett nok antydning til vannblemme frå skrujernet i handa, men det seier nok meir om mine skrivebordshender enn om antalet skruar per skuff. Heia IKEA!
Benkeplata kjøpte me lokalt gjennom byggmester Sveinung Tofteland. Den vart faktisk billigare ferdig tilpassa frå snekker enn det IKEA skulle ha for plata før tilpassing. Me spanderte på oss å få Sveinung til å ta mål og montera plata i tillegg - den lengste delen var fire meter, og me skulle ha ein U. Det vart tett og fint, så me kan nøya oss med silikon langs kanten mot vegg heller enn list.

tirsdag 16. juni 2009
Me har aldri vore nærare enn no...
Etter meir enn eit halvt år med oppussing, eller det mange nok riktigare vil kalla for "totalrenovering", byrjar me å nærma oss ein 1. etasje som er meir ein stad å bu enn ein byggeplass.
Eigentleg skulle me ikkje gjera så mykje, berre mala litt, tetta igjen eit par velstandsbogar frå 80-talet og kanskje legga nytt golv på kjøkkenet. Me skulle flytta inn om ein månad, og hadde i grunn "eit hav av tid" på å få alt klart. Men planen glapp allereie på overtakinga den 22. september 2009. Dei forrige eigarane var knapt ute av døra før me var i gang med å plukka ned kjøkkeninnredninga. Me måtte jo uansett gjera noko med den sørgelege tapeten og dei lysebrune flisene over benken - så kunne me jo montera opp igjen innredninga etterpå.
Men når me først var i gang; kjøkkenet ville bli mykje større og kjekkare dersom me slo det saman med ein del av gangen. Det var berre å finna fram kubeinet. Eit par månadar seinare hadde både tak, veggar og golv frå kjøkket hamna på gjenvinningsstasjonen på Mjaavann, fulgt av åtte lass raud teglstein frå den enorme peisen i stova. Når me hadde gjort såpass i stova var vegen kort til å ta ned taket for å legga opp spottar og takpunkt som erstatning for store gardinbrett med lysrøyr bak. For å få ned taket måtte panelen på veggane vekk...
Og når me først var i gang burde jo det elektriske anlegget og vassrøyra frå tidleg 50-tal oppgraderast, det var jo berre å ta ned litt til... Slik rauk veggane på vaskerommet og delar av hobbyrommet i neste sving.
Før me kom så langt snakka me om å skriva litt innimellom om kva me gjorde og korleis. Ei slags oppussingsdagbok. Men med oppussing som hobby var det lite tid og krefter til å gå i gang med den saken. Me har tatt ein lass med bilete, men det skriftlege har blitt liggande brakk. Etter ni månader har eg no tenkt å gjera noko med det, sjølv om 1. etasje framleis er ein byggeplass.
Så her er min blogg - som i første omgang nok blir mykje om oppussing i Lerkeveien.

Abonner på:
Innlegg (Atom)