tirsdag 16. juni 2009

Me har aldri vore nærare enn no...

Etter meir enn eit halvt år med oppussing, eller det mange nok riktigare vil kalla for "totalrenovering", byrjar me å nærma oss ein 1. etasje som er meir ein stad å bu enn ein byggeplass.

Eigentleg skulle me ikkje gjera så mykje, berre mala litt, tetta igjen eit par velstandsbogar frå 80-talet og kanskje legga nytt golv på kjøkkenet. Me skulle flytta inn om ein månad, og hadde i grunn "eit hav av tid" på å få alt klart. Men planen glapp allereie på overtakinga den 22. september 2009. Dei forrige eigarane var knapt ute av døra før me var i gang med å plukka ned kjøkkeninnredninga. Me måtte jo uansett gjera noko med den sørgelege tapeten og dei lysebrune flisene over benken - så kunne me jo montera opp igjen innredninga etterpå.


Men når me først var i gang; kjøkkenet ville bli mykje større og kjekkare dersom me slo det saman med ein del av gangen. Det var berre å finna fram kubeinet. Eit par månadar seinare hadde både tak, veggar og golv frå kjøkket hamna på gjenvinningsstasjonen på Mjaavann, fulgt av åtte lass raud teglstein frå den enorme peisen i stova. Når me hadde gjort såpass i stova var vegen kort til å ta ned taket for å legga opp spottar og takpunkt som erstatning for store gardinbrett med lysrøyr bak. For å få ned taket måtte panelen på veggane vekk...

Og når me først var i gang burde jo det elektriske anlegget og vassrøyra frå tidleg 50-tal oppgraderast, det var jo berre å ta ned litt til... Slik rauk veggane på vaskerommet og delar av hobbyrommet i neste sving.

Før me kom så langt snakka me om å skriva litt innimellom om kva me gjorde og korleis. Ei slags oppussingsdagbok. Men med oppussing som hobby var det lite tid og krefter til å gå i gang med den saken. Me har tatt ein lass med bilete, men det skriftlege har blitt liggande brakk. Etter ni månader har eg no tenkt å gjera noko med det, sjølv om 1. etasje framleis er ein byggeplass.


Så her er min blogg - som i første omgang nok blir mykje om oppussing i Lerkeveien.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar