tirsdag 17. november 2009

Perfekt!

Har plukka av forskalinga på søyla me støypte på laurdag. Stolpeskoen står perfekt i lodd med både enden og yttersida på bjelken den skal bera, så det var kjekt! Ganske utruleg med tanke på at vinden leika med loddsnora medan me plasserte stolpeskoen...

Til forskalinga på den øverste delen (sylinderen) brukte me støyperøyr frå Biltema. Det likna på ein stor dorull-kjerne, og når eg berre fekk has på kanten gjekk den veldig lett å dra av igjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar