lørdag 20. juni 2009

Nytt kjøkken

Me testar viljestyrke for tida. No er det både innredning, straum og vatn på kjøkkenet, men me har enno ikkje tatt det i bruk.

Har bestemt oss for å gjera ferdig alt av listing og detaljarbeid før me "flyttar inn". Det står der som ei stor freisting, men samtidig blir det desto større motivasjon for å få tatt siste innspurt på sparkel, maling, silikon og foringar. Eg lurer på kor lenge me klarer å halda oss - i dag kjem oppvaskmaskinen - og den har me lengta lenge etter!

I går kveld monterte me den nye, store steikeomnen, sparkla listene og vaska ut av alle skapa. I dag er håpet å bli ferdig med maling, silikon, feielister, lufterister (til kjøleskåp og steikeomn) og inkassing av røyr. Då er me så godt som i havn, og kan ta kjøkkenet i bruk på mandag...


Det var forresten eit kapittel for seg å komma fram til kva kjøkken me skulle ha. Timane på kjøkkenbutikkar vart lange og mange, før me til slutt fann Ädel bjørk på IKEA.
Ein lys shaker-modell som gjer seg godt saman med laminatplata i svart marmor. Og - myta om manglande delar og skruar frå IKEA er knekt, me har hatt nok av alle delar. Har faktisk ein heil pose med skruar og sånt til overs. Det burde kanskje bekymra meg - men eg satsar på at det er "reservedelar" som me ikkje skulle bruka :-) I tillegg har IKEA mange gode patentar, som hengsler du berre klikkar på plass og skuffer som knapt skulle skruast saman. Etter sytten skuffer hadde eg rett nok antydning til vannblemme frå skrujernet i handa, men det seier nok meir om mine skrivebordshender enn om antalet skruar per skuff. Heia IKEA!

Benkeplata kjøpte me lokalt gjennom byggmester Sveinung Tofteland. Den vart faktisk billigare ferdig tilpassa frå snekker enn det IKEA skulle ha for plata før tilpassing. Me spanderte på oss å få Sveinung til å ta mål og montera plata i tillegg - den lengste delen var fire meter, og me skulle ha ein U. Det vart tett og fint, så me kan nøya oss med silikon langs kanten mot vegg heller enn list.

1 kommentar:

  1. Heia Mari og Svein! No er daake snart i land med forste del av rehabiliteringsprosjektet. Kjempeflott. Det saag fint ut paa bileta.

    SvarSlett