Me held på med drenering langs ytterveggen i hagen. Det har til no gitt oss vollgrav langs austveggen, basseng midt på plenen og fleire "vikinggraver" i hagen. I tillegg har spregningsekspertar vore her og tatt knekken på både eple- og plommetre :-(sukk).
Heldigvis har svigerfar ein liten gravemaskin som kan ta dei tyngste løfta, han har nok flytta dei største massane. Men det er ganske mykje som må gravast og løftast for hand, eg kjenner meg til tider som ein arkeolog når eg ligg nasegrus i bunnen av ei to meter djup grøft og rotar i jord og stein med ein hagespade. Det er forresten det beste verktøyet til den jobben, store spadar gir berre frustrasjon når ein ikkje kan snu seg. Takk til Fiskaas og Biltema!
I går støypte me fundament til ny søyla på hjørnet med påbygget. Vatnet frå himmelen konkurrerte med hageslangen om å spe ut sementen, men me fekk det til på eit vis. Vår første forskaling laga me av kryssfineren frå stovetaket. Den vart ganske bra, og me trur me traff med stolpeskoen på rett stad under bjelken (sikta lenge og vel med loddsnora, det var utfordrande nok i vinden). Så no ventar me og håpar sementen herdar før snøen kjem...
søndag 15. november 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar