lørdag 30. juli 2011

Gulv og dører

No er alle gulva lagt, og alle dørene er satt inn. Det er skikkeleg plukkearbeid, men i dag har me fått lagt gulvet i gangen. Syns det vart veldig fint med Alloc commercial stone, løfta rommet mange hakk frå det brune gulvbelegget. No har eg lyst på sånt gulv i vår gang og!

Svein har satt inn dør til stova, eit prosjekt me starta så vidt på i går med å få laga grunnlaget for terskelen. Eg har skrudd saman kjøkkenoverskap som skal på veggen på soverommet over senga. Trur det blir ei god løysing som utnyttar plassen og gir god skapplass.

I tillegg (og kanskje mest krevjande av det me har gjort i dag), har me målt og handla så godt som alt av listverk som skal opp i heile hybelen. Å finna fine ferdigmalte lister utan for mykje svai og hakk er ei utfordring. Men no ligg bunken med lister og dørforingar klar i carporten. Når den er oppbrukt er hybelen nesten heilt ferdig. Tviler på om det blir i morgon - og dermed på at me rekk å vera ferdige til 1. august - men det treng ikkje ta så veldig mange dagane ut i neste veke.


Røyrleggaren måtte forresten utsetta sin jobb her til mandag på grunn av sjukdom, så heilt ferdig blir det uansett ikkje til måldatoen. Men me kjem langt på veg!

fredag 29. juli 2011

Kjøkkengulv

Laminaten er endeleg på plass på kjøkkengulvet. Det var noko skikkeleg pirk! Trur det tek mykje lenger tid å legga gulv i eit lite rom med mange vinklar enn i eit kjempestort ganske firkanta rom. Kvar einaste "planke" må målast og skjærast, i tillegg til at det er trangt om plassen når det skal leggast.

torsdag 28. juli 2011


Skapdører og skuffefrontar gjer stor forskjell på opplevinga av kjøkkenet. I dag har me satt på alle skapdørene og skuffene med håndtak, og satt inn steikeomnen. Det er gøy å sjå kor mykje meir kjøkken det vert med ein gang :-)

lørdag 23. juli 2011

Varmekablar

 Frå torsdag ettermiddag og til i dag har det skjedd framskritt på gulv-fronten i stova og på soverommet. Elektrikaren var her torsdag og gjorde klart mykje av straumen. Torsdag kveld la me ut 0,2 mm plast og 6 mm depron nøye teipa etter produsenten si forklaring til korleis underlaget for Flexwatt varmekabelmatter skal vera. Fredag var elektrikaren tilbake for å og rulla ut gulvvarmen. Me trudde det var ein enkel sak, men han klarte å øydelegga ei matte - med tilhøyrande ekstratur for å hente ny, og å koble feil i forhold til produsenten sine krav. Svein oppdaga det (og sjekka med produsenten), og det gjekk ein del ekstra timar for elektrikaren for å få retta opp i feila. Trur neppe han legg eit slikt gulv igjen på gammal vane - heller enn etter bruksanvisning! Han var her vel i 9 timar, men skulle fakturere 4 av dei...

I dag har me fått hjelp frå Elin Mari og Reidun til å legga gulv både i stova og på soverommet. Det er 6 mm laminat frå IKEA i eikefarge. Me har vore ganske spente på korleis den ville vera å legga, fordi den var veldig rimeleg (35 kr/m2, gulvet me skal ha i hybelgangen frå Alloc kostar det tidoble). Viste seg å vera enklare å legga enn Alloc sitt, og det ser bra ut og virkar ok. Satsar på at det held seg godt - i så fall er det absolutt å anbefala! (IKEA gir 10 års garanti på gulvet, trur eg, så det bør jo halda nokolunde bra).


torsdag 21. juli 2011

Tapet og maling syns godt

Me har besøk av mamma og Lars, og no skjer det synlege endringar på hybelen. Før dei kom hadde me fått tapetsert alle veggane. No har mamma og eg vore i sving med pensel og rulla i fleire omgangar, og alle veggane er ferdig malt. Kjekt - og veldig synleg - å få det gjort!

Medan me har halde på med dette har Svein hatt ein ganske usynleg, men krevjande jobb. Det passe høge (190 cm) - og ganske billige - dusjkabinettet me kjøpte i fjor hos ei som importerte dei frå Kina viste seg å ha litt produksjonsfeil både her og der. Skade i emaljen har me fiksa med emaljelakk. Nokre hakk verre var det då me oppdaga at sjølve dusjkaret mangla delar av eit lag glasfiber på undersida slik at det knasa og ga etter når me stod i det! No er det fiksa med litt spjelking og ekstra lag med glasfiber frå Biltema. Ein illeluktande og kjip jobb!

Posted by Picasa

mandag 18. juli 2011

Store ambisjonar

Me har satt oss eit hårete mål no - å bli ferdige med hybelen slik at den er innflyttingsklar til 1. august... Skal nok halda hardt, men det hadde vore veldig kjekt å komma i havn før me får andre ting å tenka på i starten av august :-)

Så no jobbar me det me orkar, og har fått lokka ut både røyrleggar og elektrikar som skal komma denne veka. Me har ferie/fri begge to, så då går det an å få gjort ein del i løpet av dagen. I helga fekk me tapetsert både stova og soverommet, og gjort gangen klar til tapetsering. I dag har eg starta på malinga, og i kveld får me besøk av mamma og Lars. Då er det håp om å bli ganske raskt ferdig med to strøk i alle rom :-)

Straumopplegget er også klart til elektrikaren, alle kablane er trukke. Det var litt av ein jobb med dei som går til badet - der var knekken i veggen blitt for krapp så me måtte jobba hardt og lenge for å få trekkefjøra gjennom. Gjekk heldigvis bra til slutt!

torsdag 14. juli 2011

Kjøkkenet tek form

Eg har vore på Vestlandet på tur, men det har ikkje stått stille i kjellaren av den grunn. Kjøkkeninnredninga har funne sin plass på veggen, eg var berre med i starten og på innspurten.

 
For å få festa innredninga på murveggen måtte me sette opp "reisverk" i tre. Veggen er berre betongblokker, som er mykje luft og lite betong, så der vart løysinga gjennomgangsboltar. Ser voldsomt ut, men no heng det i alle fall godt fast.







Her er kjøkkeninnredninga på plass med benkeplate og vasken ferdig montert. Blir veldig bra :-)



 

Me legg opp til å ha ventilator med kolfilter, men med utsuging av luft gjennom luftekanalen i pipa. Det var mykje jobb å få på plass eit skikkeleg røyr inn i pipa, for der var det litt for trangt. Etter råd frå blikkenslagar går røyret i 90-graders bend opp slik at lufta ikkje blåser rett i andre sida av pipa. Håpar det fungerer slik me har tenkt.