Ei spesiell helg går mot slutten. Har vore ein del vekke, på julemarked i kyrkja og på middagsbesøk hos vennar. Innimellom har me fått opp søyla på hjørnet av huset. Det vart bra, men etter at trelasten var stengt kom me på at me nok burde brukt trykkimpregnert material. Så den jobben må gjerast om att til veka.
Grøfta langs husveggen har blitt litt djupare og litt flatare i botn - og eg litt lengre i armane etter tunge bøtter med søkkvåt jord.
søndag 29. november 2009
tirsdag 17. november 2009
Perfekt!
Har plukka av forskalinga på søyla me støypte på laurdag. Stolpeskoen står perfekt i lodd med både enden og yttersida på bjelken den skal bera, så det var kjekt! Ganske utruleg med tanke på at vinden leika med loddsnora medan me plasserte stolpeskoen...
Til forskalinga på den øverste delen (sylinderen) brukte me støyperøyr frå Biltema. Det likna på ein stor dorull-kjerne, og når eg berre fekk has på kanten gjekk den veldig lett å dra av igjen.
søndag 15. november 2009
Å flytta fjell...
Me held på med drenering langs ytterveggen i hagen. Det har til no gitt oss vollgrav langs austveggen, basseng midt på plenen og fleire "vikinggraver" i hagen. I tillegg har spregningsekspertar vore her og tatt knekken på både eple- og plommetre :-(sukk).
Heldigvis har svigerfar ein liten gravemaskin som kan ta dei tyngste løfta, han har nok flytta dei største massane. Men det er ganske mykje som må gravast og løftast for hand, eg kjenner meg til tider som ein arkeolog når eg ligg nasegrus i bunnen av ei to meter djup grøft og rotar i jord og stein med ein hagespade. Det er forresten det beste verktøyet til den jobben, store spadar gir berre frustrasjon når ein ikkje kan snu seg. Takk til Fiskaas og Biltema!
I går støypte me fundament til ny søyla på hjørnet med påbygget. Vatnet frå himmelen konkurrerte med hageslangen om å spe ut sementen, men me fekk det til på eit vis. Vår første forskaling laga me av kryssfineren frå stovetaket. Den vart ganske bra, og me trur me traff med stolpeskoen på rett stad under bjelken (sikta lenge og vel med loddsnora, det var utfordrande nok i vinden). Så no ventar me og håpar sementen herdar før snøen kjem...

søndag 8. november 2009
På an igjen
Me jobbar framleis, sjølv om bloggen blir neglisjert i lange periodar... Har akkurat blitt ferdige med maling av gangen i 1. etasje. Det vart stor forandring å gå frå mørk panel på tak og veggar til lyse fargetonar. Dei rustraude flisene og det kirsebærfarga gulvet kom til sin rett når oransje trappevangar vart lyse. Kjekt!
Abonner på:
Innlegg (Atom)