Me har hatt ei lang dugnadshelg med kosleg besøk av fleire gode hjelparar. Det har gitt mange synlege resultat:
Alle blomebed er luka og fine
Jordhaugen på plenen mot naboen er jamna og, reinsa for stein og sådd til plen. Samtidig er blomebedet ved hybelen er blitt del av plenen - og blomane er flytta til andre bed
Kjøkkenhagen/haugen har fått meir synleg berg, og er klar til planting av salat og urter
Me har fått lagt ferdig belegningsstein i heile inngangspartiet
Kanten mot hagegangen er støypt og grus på plass
Dør frå carporten til hagen er laga og montert
Det heile starta onsdag med at svigerfar tok seg av transport av grus til å legga belegningsstein på, og god hjelp til start på planering og legging av stein. I mellomtida rydda svigermor opp i overgrodde blomebed. Eg er ikkje heilt i form til å stå krumbøyd over blomane om dagen, så det var fantastisk kjekt å få hjelp til!
Onsdag kveld kom pappa, medan mamma kom torsdag ettermiddag. Dei har stått på hardt og lenge, for å hjelpa oss med å få ferdig alt det andre på lista.
Her er nokre bilete frå "før - etter" (og litt undervegs):
Rydding og oppgradering av plenen mellom oss og naboen skal mamma ha mykje av æra for. Svanhild og Torbjørn hjalp meg å flytta rosebuskane på onsdagen, medan mamma gjekk laus med krafsa og raker resten av helga. Jordhaugen var det me tok opp frå grøfta då me drenerte langs veggen i carporten, fullt av stein. Litt av ein jobb å få det klart til plenbruk, men no i kveld har me sådd og tråkka til - så no er det berre å venta på at det skal spire :-)
Kjøkkenhagen/haugen har fått meir synleg berg, og er klar til planting av salat og urter.
Me har fått ei "gate" av berg som skille mellom kjøkkenhagen og dei enormt villige, grønne buskvekstane som heldt på å overta heile haugen.
Luking og rydding gjer at det no ser veldig fint ut i "kjøkkenhagen". Ampeljordbæra blømer allereie, og i går var me på hagesenteret og kjøpte salatplanter. Har ikkje fått dei i jorda, men no er det i alle fall plass til å planta dei!
Har også fått kryptimian og ein annan "fjellplante" som me skal ha i bergsprekkene. Det kan bli veldig fint, trur eg.
Einaste minuset med å få gjort denne jobben er at andre halvparten av haugen no ser veldig rotete ut. Ein viss fare for at me må i gang med eit nytt ryddeprosjekt der seinare i sommar...
Inngangspartiet har fått tilbake belegningsstein. Ein stor jobb sjølv om arealet ikkje er så stort (eller kanskje nettopp derfor). Me leigde steinsaks til å tilpassa steinane - det var ei god investering! Blei kjempefint med tilpassa stein rundt sluken og langs veggane der me trudde at me måtte støypa.
Avslutninga mot hagegangen er lagt i sement i seine nattestimar på fredag, og i dag la me på plass grusen. Det passa perfekt :-)
Me har også fått ny tofløya dør frå carporten til hagen, så neste vinter slepp me å få all snøen inn på vedlaget.