søndag 27. februar 2011

Stoveveggane ferdig

No er me ferdige med alle veggane i stova. Det gjer mykje på inntrykket å komma inn i eit "skikkeleg rom" heller enn ein grå kjellar som det har vore ei stund.

Neste stopp er kjøkkenet...
Posted by Picasa

søndag 20. februar 2011

Mykje gjort!

Pappa har reist heim etter ei intens arbeidsveka på besøk her hos oss. Me har fått gjort mykje med hans hjelp!

No er soverommet og gangen ferdig plata på tak og veggar. Det ser jo ikkje så vakkert ut med sponplater, men rommet er klart til overflatearbeid - og det er både gøy og synleg.
I stova har me også fått reisverk, mykje av isolasjonen er oppe (manglar 7,5 cm glava - så det blir nok ein kveld til med godstoffet) og den første veggen er plata ferdig. Hurra!

Viss me klarer å halda farten framover kan det fort bli fine rom i kjellaren :-)

lørdag 19. februar 2011

Alt er fullt av glava

Det kjennes som om eg klør over heile kroppen. Har isolert veggar store delar av dagen, og sjølv om det er hakket kjekkare enn å isolera tak - og eg har vore godt "innpakka" - så er det ikkje min favoritt. Elin Mari stilte også til ei dugnadsøkt på ettermiddagen, og fekk isolert ein heil vegg. Det kjekke med glava er at det viser godt igjen, og at det er viktig for at me skal bli ferdige.

Ellers har me fått plata resten av soverommet i dag, og byrja på gangen. Der er det mykje plukk og rare vinklar, så det er godt at pappa er her og kan hjelpa oss :-)

I kveld er Jostein på besøk, me skal spela eit nytt spel. Blir kjekt!

fredag 18. februar 2011

Lang økt


Det vart ein lang arbeidsdag i går, me avslutta med at pappa og Svein bar inn alle dei 28 sponplatene klokka kvart over to på natta. Før den tid hadde me fått laga, pusla saman og satt opp reisverket på alle veggane i stova. Festa dei berre nok til at me var sikre på at dei vart ståande då.

I dag er alt reisverket satt fast, og me har laga alle dei små spikerslaga som mangla innimellom på begge rom. Det er putlearbeid som tek mykje tid!

Svein har lagt opp røyr og boksar til straum, og me har komme godt i gang med å plata veggane på soverommet.

onsdag 16. februar 2011

Veggane reiser seg

I kveld har eg vore med på eit kjekt puslespel. Me har montert og satt opp lekting på veggane på soverommet. Pappa hadde laga klart alle delane, så eg fekk vera med på den kjekke delen med å sjå at heile rommet hadde reisverk på to timar.

I tillegg er det komme på plass skikkeleg brannfuging langs heile kanten mellom tak og vegg, så dette blir bra.
Posted by Picasa

Taket på plass

Me har besøk av pappa, og då går det framover i kjellaren. No er dobbelt gipstak på plass både i soverom, gang og stove. Veldig kjekt!
Posted by Picasa