søndag 9. januar 2011

Ei aktiv helg

Det har gått litt sakte denne veka, men no i helga har me tatt eit langt skritt!

Har fått lagt opp røyr til all strømmen som skal gå frå sikringsskap og ut via taket til dei ulike romma. Dermed har me også kunna dytta på plass resten av isolasjonen i taket på soverommet og i gangen. Syns isolering av tak er pyton å halda på med, men godt å få gjort. No har me (for ei lita stund) rydda vekk "glava-utstyret", og fått arbeidskleda i vaskemaskinen. Då blir det så mykje litt kjekkare å ta på seg neste gang.

Har ellers reinsa kanten langs taket mot yttervegg på badet for papp, hønsenetting og vepsebol. Det såg mykje finare ut med ein gang. I går kveld var Elin Mari og Reidun her på dugnad og byrja på skraping av veggane på badet. Der er noko tett maling som delvis sit fast og delvis er laus utanpå pussen, og som me må ha vekk. Det er ein tung jobb som gir god trening, og trass i god innsats sit det framleis mykje igjen. Må sjekka om det finst andre verktøy enn stålbørste og malingsskraper for å få det vekk trur eg.


Men ikkje nok med dette! Me har fått opp reisverket mellom bad og kjøkken :-) Så no har me tatt kveld med godt samvit.

1 kommentar:

  1. Her går det unna. Kan dere ikke bruke stålbørste på drillen til å pusse vekk gammel maling?

    SvarSlett