Over inngangen til det som skal bli hybel var eit overbygg som hadde løsna i tung snø for nokre år sidan. Det hang berre i veggen, og hadde rive med seg kledninga ut frå veggen. Me prøvde å jekka opp for å festa det fast og setta under søyler til bæring, men det kom berre lengre ut. Så då reiv me det ned og sette opp eit nytt. Løfta det opp ti centimeter og gjorde det ein del lenger samtidig, det gjorde det mykje kjekkare både estetisk og pratisk. Me har laga ein liten "sportsbod" under taket, det er akkurat langt nok til ski og sånt. Takrenna har fått skikkeleg nedløp i røyr, det vart bra. No manglar berre vannbord og kledning under/på sidene. Med dei gamle taksteinane ser det i grunn ikkje ut som om me har gjort noko særleg, men dette har (som alt anna) tatt si tid... Malinga må me nok venta med til våren, for no er det nattefrost her i Kristiansand. Men resten kjem nok på plass om ikkje så lenge.
torsdag 21. oktober 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar