søndag 31. oktober 2010

Nytt grøfteprosjekt

 
Slik såg det ut i går
før me starta.

Og slik ser det ut i dag...

I går kveld starta me på arbeidet langs husveggen i carporten.

Planen var å komma langt nok ned ned til å finna røyret til overvatn som me la opp då me drenerte på hage-sida, og skøyta på det bort til utekranen. Der skal me setta ned ein sluk.



Men det blir (som vanleg) meir omfattande enn som så. Det låg mykje jord langs veggen, som var fuktig og lukta mugg. Heldigvis var det relativt lett å få opp steinar og jord frå grøfta, så me har bestemt oss for å gyva laus på heile veggen.

Etter tre timar i går og like mange i dag er me no nede til sålen på huset frå hjørnet (1,2 meter djupt) og cirka 1,5 meter inn. Me kryssar fingrane for at det er like "lett" å komma til langs resten av den sida av huset. Då kan det bli drenering og isolasjon før snøen kjem :-)


lørdag 30. oktober 2010

Fin dør

No er det kledning på sidene i taket over inngangspartiet til hybelen. På enden mot terassen har me laga dør inn til "sportsboden". Satte opp kledninga først og skar ut etterpå. Det gjekk veldig bra, og me er nøgde med resultatet. Må berre få tak i noko til å åpna/lukka med.

lørdag 23. oktober 2010

Ferdig gangveg

På hybel-sida av huset har me no fått ferdig vegen med fin avslutning. Knuste/reiv vekk trappene i enden opp mot terrassen slik at me fekk skråning ned mot boden. Praktisk til å få grasklipparen inn og ut, og så slepp me å slåss med epletreet når me skal gå den vegen. Langs veggen er det platon med kantlist (hadde ikkje trudd me skulle få satt den på)! Vart veldig fornøyd med sluttresultatet :-)

torsdag 21. oktober 2010

Nytt overbygg

Over inngangen til det som skal bli hybel var eit overbygg som hadde løsna i tung snø for nokre år sidan. Det hang berre i veggen, og hadde rive med seg kledninga ut frå veggen. Me prøvde å jekka opp for å festa det fast og setta under søyler til bæring, men det kom berre lengre ut. Så då reiv me det ned og sette opp eit nytt. Løfta det opp ti centimeter og gjorde det ein del lenger samtidig, det gjorde det mykje kjekkare både estetisk og pratisk. Me har laga ein liten "sportsbod" under taket, det er akkurat langt nok til ski og sånt. Takrenna har fått skikkeleg nedløp i røyr, det vart bra. No manglar berre vannbord og kledning under/på sidene. Med dei gamle taksteinane ser det i grunn ikkje ut som om me har gjort noko særleg, men dette har (som alt anna) tatt si tid... Malinga må me nok venta med til våren, for no er det nattefrost her i Kristiansand. Men resten kjem nok på plass om ikkje så lenge.