torsdag 30. desember 2010

Det skjer, det skjer

Medan me har vore på juleferie så har elektikaren og muraren vore på besøk. Dei kom innan ei veke frå me spurte - kven seier at det tek tid å fp hjelp frå handtverkarar?
Så no er det heilt og fint gulv i det som skal bli bad og kjøkken i kjellaren. Me har kjøpt isolasjon i store mengder, til tak og veggar. Testar Ursa isolasjon denne gangen. Dt er ganske mykje billigare, har sammme isolasjonsevne som Glava og luktar om mulig meir kattepiss.

I går reiv me rupanel og gammal isolasjon i stovetaket og har planlagt staumopplegget. I dag har me dobbeltsjekka at planen vår for isolering på innsida av ytterveggane i mur faktisk er i tråd med anbefalingene frå SINTEF. Fekk nemleg tips om at me ikkje måtte ha meir enn 5 cm isolasjon. Viste seg at det ikkje gjeld for oss fordi det er når muren er under bakkenivå og ikkje er isolert på utsida.

No lagar me handlelista. Kor mange lydbøylar og meter med lekt må me ha?

torsdag 16. desember 2010

I gang i kjellaren

Me er i gang igjen med leiligheten i kjellaren.

For nokre dagar sidan trudde me ikkje at det skulle gå, men no får me både lagt røyr, varmekablar og støypt gulv før jul.

I dag har røyrleggaren vore her for første runde, og me har brukt kvelden på å jamna ut med pukk, legga isopor, plast og isopor igjen. Det var mykje arbeid, men godt å få det gjort. Blir kjekt å få fast gulv!


Posted by Picasa

tirsdag 30. november 2010

Grøfta er full!

I dag har me fyllt opp heile resten av grøfta. Det inkluderer å få satt ned sluk under utekranen og fylla pukk som topplag heile vegen. Det vart litt stein til overs, men me har fått køyrt vekk alt i kveld. Svein hadde mange turar med trillebåra ned til steinlageret. Motivasjonen var å få bilen inn i carporten igjen no i snøvêret - og det har me klart :-)
Posted by Picasa

søndag 28. november 2010

Halvfull

Laurdag fekk me skåre til isoporen og satt fast topplist langs heile veggen. Det vart litt utfordrande å fuga når det er sju kuldegrader, men me fann ein lim/silikon-type som kunne brukast heilt ned til minus tolv.

Me fekk lagt igjen frå hjørnet og forbi inngangsdøra. Det betyr at alt me opna sist sundag no er klart for sand og belegningsstein - når temperaturen tillet slikt arbeid. Håpar framleis på at det kan bli i haust/vinter, men på langtidsvarselet ser det kaldt ut.

I går kveld var me på hausttakkefest, og i dag var det bursdagsfeiring hos svigers. Så grøfta og slitne ryggar og armar har fått kvila.
Posted by Picasa

onsdag 24. november 2010

No er eg sliten!

Har hatt fire timar med høg innsats på grøftefronten i dag igjen, og no kjenner eg det i kroppen. Sjølv om snøvarselet er utsatt nokre dagar, står me på for å få steinen tilbake i grøfta så fort som råd.

I dag har me fått opp plater på resten av veggen, lagt drensrøyr, pukk og stein heilt opp til at me kunne rulla ut det tette røyret til takrennevatn. Over halvparten av steinen på utsida av carporten er tilbake i grøfta, og det minkar på haugen inne óg.

tirsdag 23. november 2010

Når hjørnet er godt...


... er grøfta tømt.

I dag har me runda hjørnet! Me har til og med grove vekk masse jord og røtter under trappa. Me fekk vekk heile det gamle røyret til takrennevatn, og klarte å plukka ut jorda med typiske hjelpemiddel for drenering: hagespade og kubein :-)

Me kom seint i gang i kveld, fordi eg har halde førstehjelpskurs på jobben. Men likevel rakk me å få fyllt pukk og jamna heile andre halvdel av grøfta. Så i morgon er det klart for isopor og røyr. Det er bra, for frå torsdag og så langt vêrmeldinga går melder dei snø! Det spøker nok for å få belegningssteinen på plass att i vinter, men me kan i alle fall få lagt igjen grøfta og dekka med pukk.

søndag 21. november 2010

Ei heilagdagsgrøft

Me har brukt sundagen flittig i grøfteteneste. Etter at Jostein plukka opp belegningssteinen i går, gjekk me på med krafsa, nye krefter og friskt mot. To lange økter har gitt synleg resultat. Me har fått opp det meste av steinen heilt til hjørnet på huset!
Fjellet av stein i carporten veks meir enn proposjonalt med grøftedybden.

lørdag 20. november 2010

Opp og ned



Det vart ei solid uteøkt i dag før eg dro til Mandal for å synga konsert med koret. Me fekk satt fast den neste bæringa for carporten til veggen, plukka opp fastfrossen belegningsstein heilt til hjørnet på huset og fyllt igjen ein god del meir på første del av grøfta.

Jordhaugen veks, og ligg der som ei forklaring på kvifor det har vore fuktig i kjellaren og eit bevis på at det går framover.


Ferdig med maling av dørkarmar, endeleg :-)
Ute snør det jamt, men me satsar på vidare graving til drenering i dag likevel. Må berre ete litt først.

torsdag 18. november 2010

Ei god arbeidsøkt i dag óg, sjølv om me kom i gang seint. Hadde besøk av Reidun til middag og matte, men på knappe tre timar har me fått opp isoporen , lagt drensrøyr, pukk og stein til midt på veggen. Neste steg blir å rulla ut avløpsrøyret til vatn frå sluk under utekranen og takrennene. Det blir nok ikkje gjort i morgon, for no treng eg ein kviledag frå stein og pukk. I morgon er det korøving og kanskje andre strøket med maling på dørforingane.
Posted by Picasa

onsdag 17. november 2010

Etter ei intens økt på kne med hagespaden er endeleg første halvdel av grøfta heilt klar til isopor og legging av drensrøyr.

Me har henta isoporen i dag, så no er alt klart til å fylla tilbake. Satsar på å stoppa litt før døra, slik at me har rom til å grava oss vidare utan å maka for mykje med røyra.
Posted by Picasa

tirsdag 16. november 2010

Maling i dag igjen. Foringane på dei fem dørane i første etasje fått eit strøk med eggehvit maling. Håpar fargen passar med dei ferdigmalte dørane, det skal i teorien vera likt, men medan malinga er våt ser ho lysare ut. Eggehvit maling gulnar kanskje litt etter kvart?

Har hatt fri (avspasering) i dag. Ute er bjørka blitt heilt naken, og bakken var tilsvarande brunkledd. Så eg brukte dagslyset til raking og "haustlukking" av blomebed. Ei lita rose har trossa vintervarsel og blømer no. Ho var vakkert dekka med rimfrost på morgonen, og stråla i sola når den kom fram.

mandag 15. november 2010

I kveld har eg malt andre og siste strøket med farge på veggane i gangen. Det er ei heilt anna oppleving å komma ut i gangen no. Som mamma sa då ho var her i helga "maling er ein velsignelse"... 

I morgon er det dørforingane som skal malast eggeskalskvite, og så må me få tak i brystningslist og få malt og satt opp igjen taklistene.
Posted by Picasa

søndag 14. november 2010

Mamma og Lars har vore på besøk, og me har komme langt i maling av gangen mellom inngangspartiet og rapoet til 2. etasje. Den gamle tapeten over brystninga passar godt saman med fargen på veggane, og heile rommet vert mykje lysare og finare med maling. Kjekt! Har grunna, sparkla, pussa og malt første strøk på alt medan dei var her. I kveld har eg tatt andre strøket i taket - resten får stå til i morgon.

tirsdag 9. november 2010

Me fekk platene 1000 kr billegare hos XL-bygg enn rimlegaste tilbud hos Byggmakker. Utruleg at det kan vera så stor forskjell på akkurat samme produkt! Men me må venta til neste tirsdag for å få dei, så no er det litt stillstand ute. Det er snø, vind og ruskever no, så det passar fint å vera inne.
Har brukt eit par kveldar på rydding i verktøy og utstyr. Kjøpte kjellar-reolar på nyopna Ikea, og har fått eit bra system i rotet. Forstår ikkje kvifor me ikkje har gjort det før...

torsdag 4. november 2010

Me har løfta stein og jord i kveld óg. Er nede til toppen solen langs det meste av veggen bort til døra, så i morgon må me få spadd opp jord og sand ned til botn av solen.

I dag har me ringt rundt for å få tak i Jackon grunnmursplater (10 cm isopor med duk). Det er ikkje lagervare, så me må bestilla. Har ikkje gjort det enno, fordi BM Vågsbygd ikkje klarte å få det fraktfritt. dei skulle plutseleg ha 50% av prisen i frakt (= ca 1200 kr i frakt). Syns det var i meste laget, så telefonrunden held fram i morgon for å finna nokon som kan gi oss eit betre tilbod. BM i Sørlandsparken ga faktisk betre pris på platene og kunne gå ned til halv pris på frakt. Men dei fekk ikkje varer før godt ute i neste veke, og me vil jo gjerne ha dei fort. Lurer på å dra til Fredrikstad (til fabrikken) for å henta sjølv, men prøver hos XL Bygg i Søgne først trur eg.
Posted by Picasa

onsdag 3. november 2010

1/3 oppe

I dag har me hatt ei ny god arbeidsøkt ute.
Har tatt vekk belegningsstein forbi døra og heilt bort til halv-veggen, og fått opp ein god del meir stein. Fann ein støypt kant som sikkert har vore del av ei trapp eller ein platting foran inngangsdøra. Trur nok at me til saman har fått opp 1/3 av massen langs veggen no.
Posted by Picasa

tirsdag 2. november 2010

Bom fast

I dag har me fått på plass ny støtta til taket i carporten. Måtte ta vekk fundamentet til den gamle for å få plass til isopor langs veggen. I staden for å styra med å støypa ny, har me brukt lange (22 cm) ekspansjonsboltar inn i grunnmuren. Det skal halda bra i følge ein snekker-kjenning. Satsar på det :-)

I tillegg har me hatt besøk av Reidun, som har køyrt vekk mykje stein i trillebår. Veldig fint å få vekk ein del av det frå inngangspartiet.
Posted by Picasa

søndag 31. oktober 2010

Nytt grøfteprosjekt

 
Slik såg det ut i går
før me starta.

Og slik ser det ut i dag...

I går kveld starta me på arbeidet langs husveggen i carporten.

Planen var å komma langt nok ned ned til å finna røyret til overvatn som me la opp då me drenerte på hage-sida, og skøyta på det bort til utekranen. Der skal me setta ned ein sluk.



Men det blir (som vanleg) meir omfattande enn som så. Det låg mykje jord langs veggen, som var fuktig og lukta mugg. Heldigvis var det relativt lett å få opp steinar og jord frå grøfta, så me har bestemt oss for å gyva laus på heile veggen.

Etter tre timar i går og like mange i dag er me no nede til sålen på huset frå hjørnet (1,2 meter djupt) og cirka 1,5 meter inn. Me kryssar fingrane for at det er like "lett" å komma til langs resten av den sida av huset. Då kan det bli drenering og isolasjon før snøen kjem :-)


lørdag 30. oktober 2010

Fin dør

No er det kledning på sidene i taket over inngangspartiet til hybelen. På enden mot terassen har me laga dør inn til "sportsboden". Satte opp kledninga først og skar ut etterpå. Det gjekk veldig bra, og me er nøgde med resultatet. Må berre få tak i noko til å åpna/lukka med.

lørdag 23. oktober 2010

Ferdig gangveg

På hybel-sida av huset har me no fått ferdig vegen med fin avslutning. Knuste/reiv vekk trappene i enden opp mot terrassen slik at me fekk skråning ned mot boden. Praktisk til å få grasklipparen inn og ut, og så slepp me å slåss med epletreet når me skal gå den vegen. Langs veggen er det platon med kantlist (hadde ikkje trudd me skulle få satt den på)! Vart veldig fornøyd med sluttresultatet :-)

torsdag 21. oktober 2010

Nytt overbygg

Over inngangen til det som skal bli hybel var eit overbygg som hadde løsna i tung snø for nokre år sidan. Det hang berre i veggen, og hadde rive med seg kledninga ut frå veggen. Me prøvde å jekka opp for å festa det fast og setta under søyler til bæring, men det kom berre lengre ut. Så då reiv me det ned og sette opp eit nytt. Løfta det opp ti centimeter og gjorde det ein del lenger samtidig, det gjorde det mykje kjekkare både estetisk og pratisk. Me har laga ein liten "sportsbod" under taket, det er akkurat langt nok til ski og sånt. Takrenna har fått skikkeleg nedløp i røyr, det vart bra. No manglar berre vannbord og kledning under/på sidene. Med dei gamle taksteinane ser det i grunn ikkje ut som om me har gjort noko særleg, men dette har (som alt anna) tatt si tid... Malinga må me nok venta med til våren, for no er det nattefrost her i Kristiansand. Men resten kjem nok på plass om ikkje så lenge.

lørdag 25. september 2010

Status

Innimellom haustregn og vind har me fått malt første strøket med kvitt på panelen på utsida av dei nye veggane. Inne har me malt heilt ferdig, og i dag fekk me lagt veden på plass i fint lag. Den er heldigvis i sekkar, så det er enkelt å flytta på han.

Det var ein heil vitenskap å velga type maling til utebruk. Til slutt stod det mellom Drygolin Extreme og Optimal. Jotun omtalar begge som veldig bra og med lang levetid. Etter å ha lese ein del på nett (like mange for det eine som det andre der) snakka eg med han som er gode på maling hos Byggmakker Vågsbygd (det finst berre ein der som kan det). Han hadde brukt Optimal sjølv på huset sitt, og anbefalte det. Den luktar lite, tørkar fort og skal halda vel så bra som Drygolin. Var i alle fall lett å mala med, så får me berre håpa at den varer lenge!

tirsdag 7. september 2010

I dag

har me fått opp siste rest av veggen mot vegen, og eg har lagt tilbake halvparten av kantsteinane. Det blir fint :-)

søndag 5. september 2010

Det har skjedd mykje

Eg er visst ingen god bloggar - det blir lenge mellom kvar gang. Me har fått lukka grøfta, og rullla ut flott plen i store delar av hagen i juni. Så me har hatt fin hage i ferien :-)

No er me i gang med å setta opp nye veggar i bakre del av carporten. Pappa hjalp oss å støypa trapp til verkstaden og få opp fundament til ny vegg, så no blir det veldig bra. Gøy å komma i gang med å panela - det syns nesten like godt som å rulla ut plen. Hadde besøk i helga, så me vart ikkje ferdige med første veggen. På biletet kan de sjå kor langt me har komme.