torsdag 24. mars 2011

Hurra, tak!

I dag har me blitt halvferdige med taket på kjøkkenet. Eg har tenkt og Svein har løfta, så saman fekk me det bra til :-)

Oppforbi ligg det to lag med isolasjon, 20 + 5 cm. Under sementen berre 5 cm, men det er så godt me kan få det. Bør hjelpa litt når det er isolasjon mellom lydbøylane, og så to lag gips på i tillegg.
Posted by Picasa

søndag 13. mars 2011

kjøkkenvegg

Me er endeleg i gang igjen. Etter å ha grua oss ei stund for korleis me skulle få til reisverk på kjøkkenveggane, har me brukt ein del av dagen i dag på å finne ut av dette. No har me ein plan - og me har lekta klart den første veggen. Hurra!
Posted by Picasa