lørdag 25. september 2010

Status

Innimellom haustregn og vind har me fått malt første strøket med kvitt på panelen på utsida av dei nye veggane. Inne har me malt heilt ferdig, og i dag fekk me lagt veden på plass i fint lag. Den er heldigvis i sekkar, så det er enkelt å flytta på han.

Det var ein heil vitenskap å velga type maling til utebruk. Til slutt stod det mellom Drygolin Extreme og Optimal. Jotun omtalar begge som veldig bra og med lang levetid. Etter å ha lese ein del på nett (like mange for det eine som det andre der) snakka eg med han som er gode på maling hos Byggmakker Vågsbygd (det finst berre ein der som kan det). Han hadde brukt Optimal sjølv på huset sitt, og anbefalte det. Den luktar lite, tørkar fort og skal halda vel så bra som Drygolin. Var i alle fall lett å mala med, så får me berre håpa at den varer lenge!

tirsdag 7. september 2010

I dag

har me fått opp siste rest av veggen mot vegen, og eg har lagt tilbake halvparten av kantsteinane. Det blir fint :-)

søndag 5. september 2010

Det har skjedd mykje

Eg er visst ingen god bloggar - det blir lenge mellom kvar gang. Me har fått lukka grøfta, og rullla ut flott plen i store delar av hagen i juni. Så me har hatt fin hage i ferien :-)

No er me i gang med å setta opp nye veggar i bakre del av carporten. Pappa hjalp oss å støypa trapp til verkstaden og få opp fundament til ny vegg, så no blir det veldig bra. Gøy å komma i gang med å panela - det syns nesten like godt som å rulla ut plen. Hadde besøk i helga, så me vart ikkje ferdige med første veggen. På biletet kan de sjå kor langt me har komme.